STCW-regel VI/2, VI/3, VI/4, tabell A-VI/2-1, A-VI/3, A-VI/4-1, tabell A-VI/4-2
Sikkerheitssenteret i Måløy tilbyr oppdateringskurs for skipsoffiserar med dokumentert fartstid. Kurset er godkjent og i samsvar med STCW med 2010 Manilla-tillegg.
Kurset dekkjer dei krava som er satt i STCW med 2010-Manilla tillegg, tabell A-VI/2-1, A-VI/3, A-VI/4-1 og A-VI/4-2.
Kurset består av ein e-læringsdel og 2 dagar på kurssenteret. E-læringa må vere gjennomført før oppmøte på kurssenteret.
Innhald
- STCW Tabell A-VI/2-1 Redningsfarkostar
- STCW Tabell A-VI/3 Brannleiing
- STCW Tabell A-VI/4-1 Medisinsk førstehjelp
- STCW Tabell A-VI/4-2 Medisinsk behandling