STCW-regel VI/4, tabell A-VI/4-2
Sikkerheitssenteret i Måløy tilbyr oppdateringskurs i medisinsk behandling etter STCW-konvensjonen A-VI/4-2. Kurset er godkjent og i samsvar med STCW med 2010 Manilla-tillegg.
Oppdateringskurs i medisinsk behandling. Kurset dekkjer dei krava som er satt i STCW med 2010 Manilla-tillegg, tabell A-VI/4-2.
Kurset består av ein e-elæringsdel og ein dag på kurssenteret. E-læringa må vere gjennomført før oppmøte på kurssenteret.
Innhald
- Medikament og medisinsk utstyr om bord
- Medisinsk rådgjeving over radio
- Skadestad, pasientundersøking og transport
- Livreddande førstehjelp
- Skadebehandling
- Sjukdomstilstandar
- Toksikologiske farar om bord