STCW-regel VI/2, tabell A-VI/2-1
Sikkerheitssenteret i Måløy tilbyr kurs Redningsfarkostar, STCW-tabell A-VI/2-1 Redningsfarkostar og mann-over-bord-båtar, unntatt hurtiggåande mann-over-bord-båtar. Kurset er godkjent og i samsvar med STCW med 2010 Manilla-tillegg.
Kvalifiserer til søknad om dyktigheitssertifikat for redningsfarkostar, STCW 2-1. Kurset dekkjer dei krava som er satt i STCW med 2010 Manilla-tillegg, tabell A-VI/2-1.
STCW Redningsfarkostar og MOB-båtar unntatt HMOB-båtar (tabell A-VI/2-1).
Innhald
- Ta kommando over ein redningsfarkost eller MOB-båt
- Bruke motoren til ein redningsfarkost
- Handtere overlevande og redningsfarkost etter å ha forlatt skipet
- Lokaliseringseiningar, kommunikasjons- og signalapparat og pyroteknisk utstyr
- Bruk av førstehjelp på overlevande