STCW - F kap. III
Sikkerheitssenteret i Måløy tilbyr grunnleggande sikkerheitsopplæring for fiskarar. Kurset er eit obligatorisk minstekrav for alle som skal tenestegjere om bord i eit norskregistrert fiskefartøy.
Kurset er godkjent og i samsvar med krava i STCW-F konvensjonens Kapittel III, Regel 1 om grunnleggande sikkerheitsopplæring for alt personell på fiskefartøy.
Fiskarar som har fullført grunnleggande sikkerheitsopplæring i samsvar med § 3 eller anna godkjent sikkerheitsopplæring, skal innan åtte år, men ikkje før fem år er gått, ha gjennomgått eit repetisjonskurs på minst 20 timar. Deretter skal alle gjennomgå tilsvarande repetisjonskurs mellom kvart femte og åttande år etter siste kurs.
Kurset består av ein E-læringsmodul og to dagar på kurssenteret. E-læringsmodulen må vere fullført før oppmøte på kurssenteret. Det blir gjennomført ein teoretisk test ved oppmøte.
Innhald
- Nødprosedyrer/nødsituasjoner
- Personlege overlevingsteknikkar
- Brannhindring og brannslokking
- Elementær førstehjelp
- Hindring av marin forureining og hindring av ulykker om bord