STCW - F kap. III
Sikkerheitssenteret i Måløy tilbyr oppdateringskurs i grunnleggande sikkerheitsopplæring for fiskarar.
Kurset er godkjent og er i samsvar med krava i STCW- F konvensjonen Kapittel III, Regel 1 om ”Grunnleggande sikkerheitsopplæring for alt personell på fiskefartøy”.
Fiskarar som har fullført grunnleggande sikkerheitsopplæring i samsvar med § 3 eller anna godkjent sikkerheitsopplæring, skal innan åtte år, men ikkje før fem år er gått, ha gjennomgått eit repetisjonskurs på minst 20 timar. Deretter skal alle gjennomgå tilsvarande repetisjonskurs mellom kvart femte og åttande år etter siste kurs.
Fiskarar som ikkje har gjennomgått repetisjonskurs i samsvar med første ledd, må gjennomføre grunnleggande sikkerheitsopplæring i samsvar med § 3 på nytt.
Innhald
Utvalte seksjonar frå Sikkerhetsopplæring for fiskere grunnkurs.
- Personlege redningsteknikkar/nødsituasjonar
- Førebyggande brannvern og brannslokking
- Grunnleggande førstehjelp
- Personleg sikkerheit/HMS/regelverk