STCW
Sjøfartsdirektoratet har innført eit nytt sertifikat, Kompetansesertifikat dekksoffiser klasse 6 (D6). Alle som skal føre lasteskip over 8 meter i fartsområde liten kystfart, må frå 01.01.2024 ha sertifikat.
Innhald
Sikkerheitssenteret i Måløy (SIM) tilbyr utdanning i D6 gjennom e-læring, digitale samlingar, eksamen og praktisk opplæring i skipssimulator ved kurssenteret. I tillegg planlegg vi gjerne bedriftstilpassa kurs saman med kunde, der den praktiske delen av kurset går føre seg på avtalt lokalitet/stad. Ta kontakt om de ønskjer bedriftstilpassa kurs, så finn vi gode løysingar saman.
Den teoretiske opplæringa går føre seg ved bruk av e-læring og består av tekst, bilete, videoar, oppgåver og ein avsluttande test. Her blir det også lagt til rette for digitale samlingar via teams, der instruktør har gjennomgang av fagstoff, oppgåveløysing og spørsmål. Når deltakarane har fullført e-læringa skal ein ta skriftleg eksamen i dei ulike emna som inngår i opplæringa. Eksamen og praktisk opplæring blir gjennomført hos SIM eller hos kunde ved bedriftstilpassa kurs. Opplæringa omfattar totalt 126 timar fordelt på teoretisk del med ca 90 timar e-læring og digitale samlingar, i tillegg til 5 dagar ved kurssenter med gjennomføring av eksamen og praktisk opplæring. E-læringa er omfattande, så vi tilrår deg å starte opp ca 3 månader før ein skal gjennomføre eksamen og praktisk opplæring.
Emner
- Navigasjon
- Navigasjonshjelpemiddel
- Sjøvegsreglar og bruvakthald
- Stabilitet og lastelære
- Operasjonell leiing
- Teknologi og motorlære
- Praktisk opplæring