SIM har ei rekkje forskjellige simulatorar

SIM har ei rekkje forskjellige simulatorar skreddarsydd for treningsoperasjonar til den maritime næringa.

FerjeVårt flaggskip blant simulatorane er vår unike 360° fullskala skipssimulator. Vi har og tre andre skipssimulatorar, maskinromssimulator, VTS-simulator , ECDIS og GMDSS. I tillegg er vi kome langt i å implementere DP-simulator, og er godt i gang med å utvikle ein ankerhandterings-simulator og ein kransimulator. I første rekke blir simulatorane brukt til trening av maritimt personell, og vi brukar dei i mange av kursa du finn i vår kurskatalog.


Ankerhndteringssimulator5Vi tilbyr og skreddarsydde kurs med trening i simulator for våre kundar, og har god erfaring i å lage spesialkurs tilpassa kundane sitt behov og spesifikasjonar. I tillegg er vår 360° fullskala skipssimulator mykje brukt til visning og presentasjonar, og til uttesting av spesifikke prosjekt.


bilde_vindmlleOffshore vindkraft er eit viktig satsingsområde for oss, der bruk av simulatorane står sentralt. Du kan lese meir om denne satsinga under fana for vindkraft.


Her er ei opplisting av alle våre simulatorar (presentasjon og spesifikasjonar på våre simulatorar vil komme):

  • Nordfjord (360° fullskala skipssimulator)
  • Kommandøren
  • Fjordprins
  • Fjordtroll
  • Maskinrom
  • ECDIS
  • Radio GMDSS
  • VTS MWSS (maritime wind mill survilance system)
  • DP
  • Ankerhandtering
  • Kran