Om SIM - Sikkerheitssenteret i Måløy |
SIM - Sikkerheitssenteret i Måløy tilbyr sikkerheitsopplæring og andre maritime kurs for sjøfolk og skipsoffiserar. Vårt hovudfokus er kursing og utdanning innan maritim virksomheit, og vi kan tilby ei rekkje kurs innan dette feltet.
SIM er godkjent av Sjøfartsdirektoratet til å avvikle STCW-kurs, og er sertifisert og godkjent av DNV som maritimt treningssenter. ![]() SIM er ei avdeling av Måløy vidaregåande skule, og har seks fast tilsette. Vi hentar inn eksterne instruktørar etter behov, og det er i hovudsak seglande personell. Vi held til i maritimt bygg ved Måløy vgs, saman med Fagskulen i Sogn og Fjordane, maritim avdeling Måløy. Samlokaliseringa med Mvs og Fagskulen gjer at vi er ein del av eit sterkt og oppegåande faglig miljø med mykje maritim kompetanse. Fakturaadresse SIM: Sogn og Fjordane Fylkeskommune
Løns- og rekneskapstenesta
Askedalen 2 6863 Leikanger Faktura merkast "MALV + (namn bestillar)" Faktura skal sendast elektronisk i EHF-format, med adresse organisasjonsnr. 941 388 841 Dersom du ikkje har sendt ut faktura i EHF-format før, ta kontakt med din leverandør av fakturaprogrammet du brukar. Dei fleste program har i dag muligheit for å sende i EHF-format. Sjå under "kontakt" for å finne besøksadresse og veibeskrivelse til vårt kurssenter. |