SIM blir test- og utviklingssenter

PRESSEMELDING 22. oktober 2010


AnkerhndteringssimulatorSIM har inngått avtale med verdsomspennande firma

Sikkerheitssenteret i Måløy (SIM) har inngått ein avtale med det multinasjonale selskapet Transas om å bli test- og utviklingssenter for dei.

I tillegg til å levere skipsutstyr som blant anna elektroniske kart- og navigasjonssystem, er det eit viktig forretningsområde for Transas å utvikle og lage navigasjonssimulatorar til trening for maritimt personell

– Transas er eit av dei fremste selskapa i verda på dette området, og det er utruleg spennande for oss at vi har fått i stand denne avtalen, seier Svein Holvik ved SIM.

SIM er eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune, og senteret er ei avdeling ved Måløy vidaregåande skule.

Får installert komplett offshore-modul
Avtalen inneber blant anna at Sikkerheitssenteret i Måløy no får installert ein komplett offshore-modul i sine simulatorar. Denne skal ferdigutviklast og testast i Måløy.

Når senteret er ferdig utvikla, vil SIM kunne tilby treningsmoglegheiter i simulatorar innan følgjande felt, i tillegg til det ein allereie har på senteret i dag:

· Dynamisk posisjonering (DP)

· Ankerhandterings-operasjoner

· Offshore kran-operasjonar

·Offshore vindmølle-operasjonar

Denne avtalen er òg eit viktig bidrag for SIM til å realisere offshore kran-simulatoren som ein har arbeidd med å få på senteret. Avtalen vil vere nyttig for begge partar, og ein ser fram til å ta det gode samarbeidet ein har hatt så langt, eit steg vidare.

For meir informasjon, ta kontakt med:
Svein Holvik
Senterleiar ved Sikkerheitssenteret i Måløy
Telefon: 97 11 99 99

Pressemelding frå Transas kan du lese her.

For å sjå fleire nyheiter frå SIM velg Nyhetsarkiv i hovudmeny eller trykk her.