Info møte for fiskerinæringa

carisma_vikingSIM møtte fiskerinæringa.

Onsdag 19. januar holdt SIM eit informasjonsmøte for aktørar i fiskerinæringa.

Tema var krav til sikkerheitskompetanse, gjennomgang av kvalifikasjonsforskrift, vaktholdsforskrift og kviletidsbestemmelser, Ansvar og Lovverk og muligheiter for oppgradering/fornying av personlige sertifikat og kursbevis.

Målsetninga var å tydeliggjere kva krav som er til til sertifikat og bemanning på dei aktuelle fartyga, og vise kva muligheiter ein har for å løyse sertifikat eller oppgradere til høgre sertifikat.

I tillegg til Svein Holvik og Glenn Paris frå SIM, så stilte Advokat Jan E. Holvik frå advokatfirmaet Holvik & Angelshaug AS, og Lars Berle frå Fagskulen i Sogn og Fjordane, maritim avd. Måløy.

For å sjå fleire nyheiter frå SIM velg Nyhetsarkiv i hovudmeny eller trykk her.