Praktisk informasjon

Vi håper du får ein hyggeleg og lærerik oppleving av å gå på kurs hos oss. Her finn du nokre praktiske opplysningar som gjeld for dei fleste kursa. Har du spørsmål du ikkje finn svar på her eller andre stader på heimesida vår, set vi pris på at du tek kontakt med oss. Vi skal hjelpe deg så godt vi kan.


Dokumentasjon

Det er viktig at ein har med nødvendig dokumentasjon når ein møter på kurs. All dokumentasjon må vere på plass før ein får utdelt kursbevis eller ferdighetssertifikat.
Kva dokumentasjon du skal ha med er lista opp i din kursbekreftelse, under «dette skal deltakar ha med:».
Ta kontakt om det er noko som er uklart.

 
Kursavgift
For privatpersonar vert ikkje kursbevis/sertifikat delt ut før kursavgifta er betalt. Faktura får ein tilsendt på e-post eller utdelt første dag på kurset. Bedrifter/rederi får tilsendt faktura med gjeldande betalingsvilkår.
 

Røyk og snus
Frå 1. juli 2014 vart det innført totalforbod mot tobakk på alle norske skular. På grunn av dette kan ein ikkje nytte snus eller røyk på skulen sitt område når ein er på kurs hos oss. Ein må difor ut av skulen sitt område dersom ein skal røyke eller snuse.
 

Kursmateriell/bekledning
Undervisningsmateriell blir utdelt på kurset. Sikkerheitssenteret held utstyr for kurs som krev dette; kjeledressar, støvlar, oljeklede og redningsdrakter. Men vi anbefalar at du tar med eit klesskift + handkle dersom det er sjø- eller brannøvingar, då ein kan risikere å bli litt våt/sveitt under øvingane.

 
Matservering
Det vert servert ein enkel lunsj kvar dag. I pausar serverast gratis kaffi.

 
Påmelding/avbestilling
Di kurspåmelding er bindande. Dersom avbestilling vert mottatt mindre enn 7 dagar før kursstart, vert du belasta 20 % av deltakar avgifta, minimum kr.500,-  Dersom du ikkje møter på kurs utan å varsle oss, vert du belasta for heile kursavgifta.
Dersom elev vert flytta til neste kurs av same type eller ein annan frå same kunde overtar plassen, vil vedkommande normalt ikkje verte fakturert.


For spørsmål, kontakt oss gjerne på tlf. 97 11 99 99 eller e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Vi ynskjer deg velkommen til hyggjelege kompetansedagar på Sikkerheitssenteret i Måløy.